1308volda sentrum frå vikeneset 2015-0043750
0905Galten foto Leif Røv
3006bratt kurve
steinen i hornindal
galten arkiv
KITING SURFING karusell

Med aktiv ferie i Volda er du sentralt plassert midt i ein spanande region. Med mange varierte

opplevingar. Frå Volda har du kort veg til både Geiranger og Runde, og alle dei andre spanande destinasjonane i regionen. I tillegg kan du oppleve vakre, ville og aktive Volda så mykje du vil. 

 

På denne sida gir vi deg tips om det rikhaldige tilbodet du finn her.

Bratt Sykkelklubb

Bratt Sykkelklubb Volda er ein klubb av og for syklistar med fokus på freeride, sti, enduro og downhill. Dei jobbar for interessene til dei som likar bratt sykling . Har du spørsmål om sykling i området, tips til nye sykkelstiar, lyst på nokon å sykle med eller lyst til å bygge nye trasear er dette forumet for deg! Sommaren 2020 har dei ferdig ein ny 500 meter lang spektakulær sykkelbane.


Sjå facebooksida deira med å klikke her

Meir info: Anders Eidså mob: 93263242


Volda Næringsforum

Austefjordvassdraget

Austefjordvassdraget startar på Grøndalen. Denne videoen viser vassdraget frå områda ved Storevatnet til elva renn ut ved Fyrde i Austefjorden. Vi tek også ein sveip over Lisjevatnet, dit paddene vandrar gjennom paddetunnelane for å legge egg.

Utrøna Seglarlag

I Volda finn du godt miljø og anlegg for både kiting og surfing. Voldsfjorden byr på gode vindforhold for desse sportane. På Steinbrotet i Surfenaustet, har Utrøna Seglarlag bygt opp eit eige senter for den maritime brettsporten. Mellom annan har dei bygt ei lang flytebrygge med svært god tilkomst til fjorden.

Video henta frå youtubaren HansNature si samling.

Utrøna seglarlag si nettside: Utrøna på Facebook

Meld deg inn i Utrøna seglarlag: Ny medlem


Lokalavisa Møre/Aarflot Media har rettane til  og nettansvar for denne sida.

Volda sentrum

Volda sentrum har mange små og koselege butikkar, gater og Spinneriet kjøpesenter. Sentral ligg hamna, som har fått ei ny betongbrygge for gjestande båtar. Det er Bobilplassar ved Rådhuset i Volda.

Volda ligg sentralt i regionen som strekkjer seg frå Geiranger til Runde, og du bur sentralt dersom du vel å bu her under ferieopphaldet ditt.

Stadionparken

Stadionparken ligg ved fotballstadion på Rotset i Volda og nær turvegen gjennom Elvadalen. I parken er det turvegar, treningsapparat, klatrejungel og ei streetbasketbane. I same område finn du også Volda skatepark, som er den største skateparken på Nordvestlandet. Parken er open for fri bruk.

Volda kommune


Volda Rideklubb

Volda Rideklubb er ein aktiv klubb. Dei har ridebane ved Rotevatnet og skal bygge ridehall på same staden. Klubben er open for alle greiner innan hest. Med hest som fokus samlast dei for å skape ein sosial arena for både tobeinte og firbeinte. Dei arrangerer sprang, dressur og køyrestemner, kurs, show, treningar og andre arrangement. Heimeside sjå her.

Saman med UNG I VOLDA og Sommarprogrammet for barnefamiliar arrangerer Volda E-sport gaming-aktiviteter på Samfunnshuset i Volda. Summer Games er ope fire dagar i veka (tysdag, onsdag, fredag, laurdag) og varer frå 28. juni til 6. august. Det er ope i vekedagene frå kl 12 - 18 og på laurdagane er det open frå kl 15 -21.


Det er to gaming-vertar tilstade for å hjelpe deg i gang med dataspelinga og for å ta ein prat om speling  og e-sport.


Gjestebryggje i Volda


Volda har fått ny gjestebryggje for småbåtar, midt i Volda sentrum. Meir sentralt enn dette er det vanskeleg å kome. Bryggja har straum og vatn, minibryggje for kajakkar. Du betalar hamneavgift med Vipps. Meir sentralt i Volda enn dette er det vanskeleg å kome. Bryggja er 30 meter lang

I same hamna har Volda småbåtlag småbåthamn med gjesteplassar, desse har tilgang til vatn og straum.

.

Gjestebryggje på Bjørke


Bjørke ligg idyllisk til omkransa av eit diadem med staute og stolte fjell, inst inne i den kjende Hjørundfjorden. Småbåthamna på Bjørke har seks gjesteplassar. Hamna har eit moderne sanitæranlegg, og tilgang til straum og vatn. Her er det også straumuttak for bubilar. Ein kan betale med Vipps, men merk at det berre er Telenordekning på staden.


Gjestebryggje på Lauvstad


Lauvstad småbåtlag har to gjeste-plassar på småbåthamna, som ligg eit par steinkast sør for ferjekaia på Lauvstad. Det er straum og vatn på hamna, og det vert lagt til rette for betaling med Vipps. Lauvstad ligg ved Voldsfjorden, der den idylliske Dalsforden startar.