Nyare samferdselsprosjekt har plassert Volda midt i sentrum av ein spanande region. Kvivsvegen gir tilgang til verdsarvområdet, Strynefjellet og Nord-fjord. Eiksundsambandet går utover mot øyane på Søre Sunnmøre og storhavet. Volda har svært gode kommunikasjonar med både flyplass, buss og ferje. Dermed vert Volda eit godt utgangs-punkt for ferieopplevinga di.

 

Volda og resten av Sunnmøre byr på mange ulike opplevingar, anten du likar turar i naturen, kulturopplevingar, aktivitetar med familien eller for å slappe av i rolege og idylliske omgjevnadar.

 

Volda byr på fjellturar, både på dei ekstreme tindane og dei lettare familieturane. Her finn du gode fiskevatn og elvar, idylliske fjordar og koselege tettstadar. Frå Volda når du museum, kulturelle tilbod og musikkopplevingar, ulike sportsaktivitetar, vassport, gokart, klatring og buldring, paintball, trial, fiske, bading, båttur, fugling, tinderangling og maritim kystnatur.